Har begynt bygginga av eit heilt nytt hyttefelt.
- Tinde Hytter
- 21. nov. 2023
- 1 min lesing
Oppdatert: 28. nov. 2023

Fredag var grunnarbeidet i gong for det nye hyttefeltet i Stryn;
«Tindegrenda». Det er selskapet Tinde Hytter AS som står bak
utbygginga av det nye 160 dekar store hyttefeltet med plass til 113 nye
hyttetomter over to byggjetrinn. Første byggjetrinn har plass til 55 hyttetomter som etter planen skal vere byggjeklare til hausten neste år.
Vi forventar å selje fem til ti tomter i året
Tindegrenda, som ligg like nord for Hydla, skal utelukkande bestå av
hytter frå Tinde Hytter. – Vi har konsentrert oss om fem ulike hyttetypar her, men vi har nesten 100 ulike hytter som vi kan tilpasse etter tomt og behov. Tomteprisane
vil ligge frå 900.000 kroner og oppover, opplyser Grothe.

Comments