top of page
Hydla_drone_print-0921.jpg

PROSJEKTET

50 nye tomter klare for sal i ett av Noregs flotteste naturparadis. Finn draumehytta frå Tinde's omfattande katalog.

Plankart Tindegrenda Stryn_revidert.jpg

Tindegrenda Stryn ligg i Stryn kommune, rett ved Stryn Vinterskisenter, med flott turterreng rett utanfor døra sommar og vinter, anten til fots, ski eller sykkel. Feltet er sørvendt med fantastisk utsikt. Det er kort veg til Stryn sentrum der du finn matbutikkar, kafé og andre tilbod. Her har vi no 50 nye tomtar klare for sal. Vel deg ein plass i naturparadiset og finn draumehytta di frå den omfattande hyttekatalogen vår.

Tinde-kvalitet tvers igjennom

Velkommen til eit aktivt og komfortabelt liv på fjellet med kvalitetshytte frå Tinde. Robuste og tradisjonsrike materiale kombinert med eit moderne skandinavisk hyttedesign gir deg den perfekte kombinasjonen av klassisk hyttekos og fritidsluksus. Tindegrenda Stryn ligg tett på Vestlandets vakraste naturområde. Vel ei hytte frå denne brosjyra, eller fra vår omfattande katalog og bygg deg den hytta du alltid har drøymt om. I eit naturområde som er ein draum i seg sjølv. Med Tindekvaliteten i botn, kombinert med fokus på berekraft på alle plan, kan du vera sikker på at du gjer ein energivenleg investering som gir varige verdiar og hytteglede i mange år framover.

AdobeStock_120672087.jpeg

Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar. Stryn i Norfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.
Marita Lindvik, reiselivsdirektør Nordfjord

TINDEGRENDA STRYN
Bebyggelsesplan

Tomtefeltet er inndelt i 2 byggjetrinn. Byggjetrinn 1 er i sal no. Vel deg ei tomt her.

2023.10.04_llustrasjonsplan2_revidert_2.jpg
slik_bygger_vi_hytter_bli_med_inn_tinde_hytter_elementfabrikk-013.jpg

Varige verdiar med tanke på framtida

​Kan hyttenæring vera berekraftig?
Som ein av Noregs største hytte-leverandørar har vi både eit stort ansvar og ei stor moglegheit til å dytta oss sjølv og bransjen i ei meir berekraftig retning.

Vi seier ikkje at vi skal bli best; men vi skal utfordra både oss sjølv og samarbeidspartnarane våre for å finna løysingar som heile tida skal bli betre enn dei vi har i dag. Vi skal bidra ved å ta tak i dei heilt sjølvsagde tiltaka som kan gjennomførast på kort sikt, men også gjennom dei meir langsiktige og ambisiøse prosjekta. Gjennom større utviklingsprosjekt skal vi jobba med å redusera avtrykket vårt. Vi skal utvikla og fornya vår eiga verksemd og næringa samla sett. På denne måten vil vi bidra til varige verdiar, ikkje berre i form av ei solid hytte som kan leva vidare i mange generasjonar – men som berekraftig utvikling og verdiskaping for samfunnet, og for verda rundt oss.

Det er det vi legg i varige verdiar.

FNs+bærekraftsmålMål+7+RGB_2x.png
FNs+bærekraftsmålMål+7+RGB_2x+(1).png
FNs+bærekraftsmålMål+7+RGB_2x+(2).png
Utsikt fra tomt 18 - 19
bottom of page